Gullsmed Kathrine Berg har drive BergArt sidan 1997 og produserer eigne smykke i eigen verkstad. Desse finn du eit utval av på nettbutikken hennar, men for å få heile utvalet må du besøke den koselege butikken i Eidsgata på Nordfjordeid. Ho lagar personlege smykke på bestilling og har hatt stor suksess med familiesmykke både til dame og herre.
I tillegg til eigenproduserte smykke kan BergArt tilby kjende merkevarer frå inn og utland som; Susanne Friis Bjørner, Bjørg, og Cecilie Melli. Dei utfører reparasjonar og bestillingar, pussar bunadssølvet ditt og lagar deg personlege gifteringar etter behov og ønske. For å skape ein spanande og dynamisk butikk, har dei også ulike ting på utstilling gjennom året. Det kan vere alt frå keramikk og porselen, til glas, skjerf og vesker produsert av norske designarar og kunstnarar.
Velkomen til ein litt annleis gullsmed!